fbpx

Sted: Borgund samfunnshus
Tid: 24.11.22 kl. 19:30

Saksliste:
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste.
Sak 2: Val av møteleiar og skrivar
Sak 3: Val av 2 personar til å skrive under møteboka
Sak 4: Årsmelding for Borgund Utvikling 2021
Sak 5: Rekneskap 2021
Sak 6: Arbeidsplan 2022
Sak 7: Budsjett 2022
Sak 8: Val
Sak 9: Innkomne saker

Saker til årsmøte sendes til
borgundutvikling@gmail.com
innan 20.11.2022

Enkel servering.

Vel møtt!

Sak 4
Årsmelding Borgund Utvikling 2021

Styret i Borgund Utvikling i 2021 har vore:
Leiar: Gard Egil Guttulsrød
Nest leiar: John Bøthun Liøen
Kasserar: Øyvind H. Horge
Sekretær: Torbjørn Kirkevold
Styremedlem: Marit Røysum Kvamme
Vara medlem: Solgun Haugen
Vara medlem: Kjell Rune Humborstad
Revisor: Anne Nedrehegg
Revisor: Gunvor Lunde Breistøl
Valnemnd: Heine Linga

Som i 2020, vart også 2021 eit spesielt år grunna Covid-19, og dessverre gjekk det utover drift og arrangementer som me vanlegvis har hatt. Me har fått gjennomført ein del av dei faste arrangementet, men ein del har også utgått.

BU har i løpet av 2021 arrangert/vore med og arrangert:
1. Påskequiz i Vindhella
2. Ryddeaksjon
3. St. Hans feiring
4. Julegate opning
5. Kjøpt inn og hengt opp lys på gamle skulen og kommunehus

Andre aktivitetar:
• Årets juletre vart kjøpt og sett opp av BU
• Teke initiativ til å laga ei julegate der me fekk med fleire til felles pynting inkl. julelys. Dugnad for å pynte julegata i Borgund.
• Støttet 20 000 kr for til oppstart av Borgund Vedovnsbakeri
• Sett på utvikling av nærområde bak kommunehus / pub.
• Innspel til Lærdal Kommune ang forhold i Borgund Barnehage
• Holdt foredrag til formannskapet i Lærdal Kommune
• Søkt og innvilga 10 000kr i kulturmidler
• Koordinere oppussing av Samfunnshus

Styret vil få takka dei som har delteke på dei forskjellige tilstellingar gjennom året.

For styret i Borgund Utvikling
Gard Egil Guttulsrød
Leiar