fbpx

Då verden ikkje heilt er på plass igjen blir det ikkje laga ordinært påskeprogram i år. I staden legg vi oppdatert informasjon på facebook og her på buiborgund.no

Mandag arrangerer Lærdal Frukt og Grønt informasjonsmøte rundr bærproduksjon på Borgund. Møtet er på puben og startar kl 20


Det blir PåskeQuiz på onsdag og 80-tallskveld torsdagen på Postaabneriet Pub og Cafe.


Fredag har Kyrkja i Lærdal ein liten vandring i Vindhella med oppstart ved Rimskjold kl. 10. Gudsteneste i Borgund kyrkje kl. 11.


Det er og mulig at Borgund Utvikling lagar til ein påskequiz for heile familien i Annastien påskeafta, dette er dog væravhengig og noko i evt kjem tilbake til.


Ellers vil vi ønske alle ei riktig god Påske og husk, det er ingen skam å snu!

Related Posts