Flytte til Borgund

Kva treng eit samfunn for at innbyggarane skal trivast?

Svar på dette er ikkje eintydig. Det kjem heilt an på kjønn, sivil status, om du har barn, om du er barn, om du er ung eller gamal. Sidan eg er mamma i ein barnefamilie, ja så er det lettast for meg å uttale meg om barnefamiliane sine behov.

Hus å bu i treng ein sjølvsagt. I Borgund fins det nesten gratis tomter midt i sentrum, i kommuna sitt opparbeida byggefelt. Dersom ein ynskjer å leige hus er det ikkje så lett. Men det er mange tomme hus. Det er nokon hus som er feriehus, andre er fråflytta. Det gjeld å ikkje gi opp. Dersom du seier at du treng hus til folk, får du kanskje hjelp.

Arbeidsplassar er svært viktig for ein familie. Utfordrande og interessante arbeidsplassar. Mange i dag tek høgare utdanning. Andre tek yrkesretta fag, og fagbrev. Sjølv om ein har utdanning eller ikkje så er me bevisste på at me vil ha det interessant og moro på arbeid.

Korleis kan ein kombinere slike ynskjer med å bu i Borgund? Her i bygda er det flest arbeidsplassar i landbruksnæring, skule, kraftverk, handel og reiseliv. Ja alt dette er interessante og morosame arbeidsplassar for dei som vel den retninga. Likevel er det ikkje nok arbeidsplassar til alle som treng eit arbeid. Mange må ut av bygda. Arbeidsmarknads radius er, slik eg ser det, frå 0 til 75 km. Med denne avstanden rekk ein frå Borgund til Årdal, Sogndal, Lærdalsøyri, Aurland, Hemsedal og Vang. Ein må ha eit ope sinn, og tenkje at det faktisk er betre å køyre ein time enn å sitje i kø ein time. Evt. kan ein starte sin eigen arbeidsplass i Borgund. Dersom ein treng lokale, eig Lærdal kommune Borgund Samfunnshus. Dette huset vert brukt mykje til møter, kurs og aktivitetar for bygda folk. Likevel står det to rom ledige, som med små justeringar kunne vorte fine kontorlokale. Lærdal kommune er også aksjonær i Borgund Serviceseter, og kanskje er det også moglegheiter for å leige lokale der? Vil ein byggje noko sjølv til næringsformål fins areal som er regulert til slikt formål.

Borgund Nærbutikk er plassert midt i bygda, og familien kan få kjøpt den mat som trengs der. Og lat oss håpe at me er flinke nok å handle lokalt, slik at Grethe og Arne klarar å leve av å drive butikken også i framtida. ”Bui” er den naturlege samlingsstaden i bygda. Kjem ein innom her finst alltid nokon å helse på eller å slå av ein prat med, dersom ein ynskjer det.

Borgund barnehage er eit supert tilbod for barna frå 1-6 år. Der er også plass til dei som brukar SFO. Barnehagen har aktivitetar tilpassa alle aldrar. Det er ein triveleg plass der ungane kan føle seg trygge og glade, og dei lærer å ta omsyn til kvarandre.

Borgund Skule har 1-7 klasse, delt inn i to grupper; barnetrinn og mellomtrinn. Skulen har små forhold, og er med på å skape eit heilt unikt samhald mellom elevane. Pr. i dag er det 30 elevar ved skulen, og me ynskjer oss fleire. Det er tre skular i Lærdal, og det er eit visst samarbeid mellom desse. Klassane besøker kvarandre, og reiser på turar i lag. Så sjølv om det er få i kvar klasse i Borgund, så vert dei også kjende med andre på same alder elles i kommunen.

Fritidssyssel må ein ha. I Borgund har me mange ulike tilbod. Hegg skyttarlag, som arrangerer skyteskule for dei minste frå 6-10 år, og miniatyrskyting for dei som er eldre. Barneidrettsgruppa har trening for dei yngste (1-4 kl.). Skigruppa arrangerer cup renn for alle frå 0-100 år. Om ein ikkje går renn, kan ein godt gå i løypene som vert trakka ism. renna. 4H Audhumbla er tilbod for dei frå 10 år og oppover. Elles er symjebassenget ope for barn under skulepliktig alder annakvar laurdag. Det er også familiebading ein dag i veka, damebadingog herretrim m/bading. Borgund Husflidslag er aktive med medlemstreff nesten kvar veke. For den eldste garde er det ”Hygge og nyttedag” i Borgund samfunnshus ein dag pr. veke. Kulturskulen har desentralisert musikkopplæring i Borgund, for dei som melder seg på instrumentopplæring. Borgund Cross Team har eiga treningsbane på Borgundsfjorden. Elles kan ein gå på gubbefest, rakfiskfest, bingo og basar som Borgund Ungdomslag står for. Eller ein kan stikke innom Pubèn når det er arrangement der. Enno er det heilt sikkert aktivitetar eg har gløymt å ta med her.

Naturen ligg framom føtene våre klar til å bli brukt. Forholda ligg til rette for langrenn-ski og alpint enten du vel retning Hemsedal eller Filefjell. Og for den som likar fjellet sommarstid, bur ein midt i smørauge i Borgund. Det er utruleg mange flotte gå-turar med utgangspunkt Borgund. Borgund, med omliggande fjell, er suverent for dei som fiskar og jaktar! Etter at E 16 vart lagt utanom bygda har me fått ein kjempe fin sykkelveg – for heile familien. Her er nesten berre lokal trafikk frå Bjøraker forbi Borgund Stavkyrkje og heilt ned til Hagen. Så no går det an å sykle!

Så kva var det som gjorde at eg og min familie kom heim i 1997? Det var heilt klart det at me hadde røtene våre i bygda, som trekte oss heim. Me hadde gode erfaringar med å vekse opp i Borgund! Samstundes var Borgund eit samfunn med butikk, barnehage, skule og mykje kjensfolk. Me hadde fått barn nr. 1, og syntes at kontakt med besteforeldre var ein viktig verdi i livet til ungane.Sant å seie så er det faktisk også det for oss foreldre. Og ser ein dette frå besteforeldra sin ståstad, vil eg nok tru at det er ein verdi som ikkje kan målast i peng, sjølv om dei også må trå til å passe ungane ein gong i blant.

Svaret på det spørsmålet som står fyrst i innlegget er, at me har alt som skal til for å trivast. Men me vil gjerne ha fleire sambygdingar å boltre oss saman med i denne flotte bygda. Så velkomen til alle som kunne tenkje seg å bu i Borgund!

Sonja Mari Gram