Om borgund

Borgund er eit lite samfunn med ca. 250 innbyggarar. Bygda ligg aust i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Mot aust grensar Borgund til Hemsedal og til Vang i Valdres. Vestover kjem ein til Lærdalsøyri, Aurland, Årdal og Sogndal.

Viktigaste ferdselsåre gjennom bygda er E16 og rv. 52. Borgund ligg midt mellom Oslo og Bergen, sentralt i Sør-Noreg.

I Borgund har me barne- og ungdomsskule, skulefritidsordning og barnehage. Bygda har idrettshall, og symjebasseng som vert nytta av skule, barnehage, og elles av innbyggarane i bygda. Borgund samfunnshus og Fjelly er forsamlingshus i bygda. Husa vert nytta av lag og organisasjoner, samt andre som treng ein samlingsplass.

Borgund har matbutikk Joker Borgund, med eige bakeri Borgund Bakst. Heilårsope. Gram Gardsbutikk er open i perioden frå februar til oktober, og sel diverse varer, ml.a. eigenprodusert geitost.

Postaabneriet Pub &Cafe er også lokalisert i sentrum. Vinterstid er staden open i helgane. Om sommaren er det ope for servering kvar dag.Borgund Stavkyrkjemuseum har også kafe. Den er open om sommaren. Ved Borgund Hyttesenter er det gatekjøkken som er ope om sommaren.

Me har alt me treng for å kunne leve godt og ha det triveleg i Borgund! Skulle også fleire få lyst til å komme hit, ja så er dei sjølvsagt svært så velkomne.

Legg igjen en kommentar