Vedtekter for BU

Vedtekter Borgund Utvikling

§ 1. Føremål
Borgund Utvikling skal arbeida for å skapa utvikling, tilflytting og trivsel i Borgund.
Borgund Utvikling er partipolitisk uavhengig.
Styret i Borgund Utvikling kan samarbeida med andre foreiningar (lag) eller institusjonar i saker av felles interesse.
Borgund Utvikling skal ta vare på staden(bygda) sine interesser som eit høyrings- og samarbeidsorgan opp mot kommunen og andre offentlege instansar.

§ 2 Borgund Utvikling si avgrensing
Arbeidsområde til Borgund Utvikling er slik:
Frå Seltatunellen til fylkesgrensa Oppland og Buskerud.
Styret kan utvida eller redusera verkeområde.

§ 3 Medlemskap
Alle som bur (ev. har eigedom) innanfor arbeidsområde til Borgund Utvikling. For å ha stemmerett på årsmøte må medlemmen bu innanfor dette området.

§ 4 Kontingent
Medlemskapet er gratis.

§5 Styret

Borgund Utvikling vert leia av eit styre med leiar og fire styremedlemar. Styret er organisasjonen sin øvste myndigheit mellom årsmøta.
Styret skal i samsvar med vedtektene veljast slik:

  1. Leiar vert vald for eit år på årsmøtet.
  2. Styremedlemane vert valde for to år om gongen på årsmøtet. Kvart år går det ut to medlemar som det vert val på.
  3. Varamedlemar vert valde for to år om gongen på årsmøtet. Kvart år går det ut eit varamedlem som det vert val på.
  4. Styret konstituerer sjølv nestleiar, kasserar og sekretær.
  5. Varamedlemane møter når ordinære medlemar ikkje kan møta på styremøta.

Styret skal:

  1. Setja i verk vedtak frå årsmøtet.
  2. Stå for Borgund Utvikling si daglege leiing og ivareta bygda sine interesser overfor andre instansar.
  3. Forvalta Borgund Utvikling sine eigendelar/eigedom.
  4. Etter behov oppnemna komitear eller personar til å løysa spesielle oppgåver.
  5. Etter beste evne søkja å oppfylla Borgund Utvikling sitt føremål etter gjeldande vedtekter.
  6. Styret er valnemnd

Styret held møte når leiar bestemmer eller eit fleirtal av styremedlemane krev det, minimum eit møte pr. kvartal.

Styret er beslutningsdyktig når eit fleirtal av styremedlemane, deriblant leiar eller nestleiar er tilstades. Leiar eller nestleiar (i leiars fråvær) leiar styremøta. styrebeslutningar krev alminneleg fleirtal. Ved stemmelikheit har møteleiar dobbelstemma.

Styret sine vedtak skal protokollerast og offentleggjerast på www.buiborgund.no.

Styret har disposisjonsrett over Borgund Utvikling sine midlar til alminnelege og administrative føremål og ha rett til å tildele beløp til gjennomføring av vedtak på årsmøtet. Alle utbetalingar skal attesterast av leiar eller kasserar før utbetaling. Både leiar og kasserar har fullmakt til å utføre utbetalingar.

Rekneskap går frå 1.1 – 31.12

§ 6 Årsmøte

Årsmøtet er Borgund Utvikling sin øvste myndigheit. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av mars månad og skal kunngjerast minst to veker på førehand på Lærdal Kommune sine heimesider, leggast i postkasser, oppslag på Joker Borgund og på www.buiborgund.no. Innkallinga skal innehalda saker som skal handsamast på årsmøtet.

Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet må vera styret i hende ei (1) veke før årsmøtet.

Berre saker som er nemnde i innkallinga kan det gjerast vedtak i på årsmøtet.

Årsmelding skal lesast opp på møtet og rekneskap gjennomgåast.

Årsmøtet skal:

  1. Godkjenne innkalling og saksliste
  2. Velje ordstyrar og møteskrivar
  3. Velje to til å skrive under årsmøteprotokollen
  4. Godkjenne årsmelding
  5. Godkjenne rekneskap
  6. Budsjett og handlingsplan for komande år
  7. Handsame innkomne saker
  8. Velje styreleiar, styremedlemar og varamedlemar, jfr. §5
  9. Velje to revisorar.

Årsmøtet sine vedtak skal avgjerast med alminneleg fleirtal blant dei frammøtte som er stemmeberettiga. Jfr.§3. Dersom ein av dei stemmeberettiga krev det, skal avstemminga vera skriftleg.

Årsmøteprotokollen skal offentleggjerast på Borgund Utvikling si heimeside: www.buiborgund.no.

Revisorane rapporterer direkte til årsmøte. Revisorane skal revidera rekneskapen etter alminnelege revisjonsbestemmelser.

§7 Ekstraordinært årsmøte
Det skal haldast ekstraordinært årsmøte når styre finn det nødvendig eller når minst 10 % av innbyggarane kjem med skriftleg krav om det. Innkalling og prosedyre som ved ordinært årsmøte jfr. §6.

§8 Folkemøte
Det skal haldast folkemøte når styret finn det nødvendig, og møtet  skal kunngjerast minst 8 dagar på førehand. Det skal haldast minst eitt folkemøte mellom kvart årsmøte.

§ 9 Oppløysing av Borgund Utvikling
Avgjer om oppløysing av Borgund Utvikling kan berre skje når minst 2/3 av dei frammøtte på folkemøte har godkjent det. Har Borgund Utvikling (laget/organisasjonen) midlar, skal desse nyttast til det beste for bygda (Borgund) sine innbyggarar.

§ 10 Endring av vedtekter
Endring av vedtekter krev 2/3 fleirtal og må vedtakast på årsmøte.

Borgund 16.3.2015