3. cup-renn på Kvamme

Tredje cuprennet blei gjennomført søndag 28.02. Strålande forhald, med nokre få plussgrader og sol på Kvamme gjorde at alle hadde ein flott dag. Ivrige ungar og flinke foreldre som heia og hjalp små håpefulle gjennom løypa.

39 ivrige skiløparar stilte til start. Denne dagen hadde me nok snø til at heile lysløypa var køyrt opp. Dei som var over 13 år og som skulle gå 3 km fekk gå ei heil runde opp i skogen. Ved tidlegare renn har det blitt laga runder på jordet slik at løparane har gått fleire runder på flata. Så det vart mykkje betre for løparane å kunne ta ei lang runde og få fleire både opp og nedoverbakkar i dag. No håpar me at snøen held seg til neste renn om ei veke.

Etter målgang vart det servert varm og kald saft.

Neste og siste cup-renn vert søndag 6. mars.DSC_0802

resultatliste 28.02

resultatliste 07.02

Attachments