Nye lys i lysløypa

Som sikkert mange av oss la merke til sist vinter, så var det ikkje alle lysa i lysløypa på Kvamme som virka, og løypa treng sårt litt rydding her og der. Me i skigruppa til Lærdal idrettslag vil no gjere noko med dette. Difor er det søkt om pengar og me vil sette i gang arbeid med å få skifta ut dei gamle PCB armaturane, og oppgradere løypa.

Me har fått tildelt 700000 kroner i tippemidlar! Men me treng hjelp. Tippemidlane skal i hovudsak nyttast til innkjøp av materiell, resten blir dugnad. Skal me klare å få på plass nye lys til vinteren må me byrja denne jobben snart. Så me håpar det er mange som vil og kan bidra til at heile lysløypa no blir oppgradert med nye lys og fine bakkar. Har du noko å bidra med så ta gjerne kontakt med leiar i skigruppa: Heine Linga, eller følg med på sida her for meir informasjon om kva som skal gjerast og når. Me ser fram til ein vinter med masse aktivitet i ei oppgradert lysløype.  lyslopa