17 mai feiring på Borgund

I flott vær vart årets 17 mai feriring vel gjennomført på Borgund.

Nytt iår var at elevane frå 5-7 klasse ved Borgund Skule hadde ord for dagen istedenfor den tradisjonelle talaren. Ungdommen gjorde ein so flott skrivarjobb at vi vel å ta det med her:

«Kjære elevar, lærarar, venner og familie. Gratulera med dagen! I dag står me her i kommunehuset, 201 år etter grunnloven blei skreve. Dette var ein stor dag for Norge og er det enda.

På Eidsvoll satt 112 menn i 1814 og skreiv grunnloven til landet vårt. 17.mai er ein fridomssdag, gledesdag og ein høgtidsdag. Men er også en dag til å hylle og heidra Norge. Gå i tog på 17. mai har vore tradisjon i landet vårt sida 1800 talet.

Me er heldige som får feire denne dagen på ein slik måte. Me er så heldige her i landet vårt at me har reint vatn, nok mat, skule og sjukehus, og ytringsfridom. Me har vore heldige å unngå naturkatastrofar, som krev mange menneskeliv rundt i verda.

Me gler oss til å eta is, treffe venner, gå i tog og sjølvsagt feira denne dagen.
8. mai 1945 vart Norge fri frå 5 år med styre av tyskarane. Denne dagen vart feira over heile landet i ei heil veke. Slik vart på ein måte 17.mai feira ekstra mykje etter krigen, og me snakkar endå om kor mykje fridom betyr for oss i 17.mai-talar.

Det er heile 70 år sidan krigen slutta i Norge, og me vart eit fritt land att. Men me skal aldri gløyma kor mykje det betyr for oss å bu eit demokratisk, fritt land med folkestyre. Det skal me verna om. Difor vil me endå ein gong ynskje alle dykk her ein flott 17.maifeiring, og gratulera med dagen!»

Bilder tatt av Christian Jerving