Bygging av ballbinge – Klar til bruk

Idag starta arbeidet med å bygge ballbinge på Borgund. Graving og forskaling stod på programmet leda av gutta i Borgund Mur og Entrepenørservice AS som er ansvarlege for den delen av prosjektet.

Ballbinga blir 21×13 meter og vil i tillegg til fotball og basketball væra tilrettelagt for islegging på vinteren.

Dugnad for montering av sjølve binga blir truleg 23.mai med offisiell opning av binga under St.hans feiringa på puben.

Oppdatert 23 mai.
No er ballbingen satt opp og berre mindre justeringer er utestående.
OBS. Den kan ikkje brukast før malingen er tørka. Det er satt opp skilt som vil bli fjerna når den er klar til bruk.
Det viser seg at også volleyball nett var med, så her blir det store moglegheiter.

Oppdatert 31 mai.
Då er dei viktigaste justeringane ferdige, berre lyset mangler.
Ballbingen er klar til bruk og det ligger baller ved siden av pumpehuset (mellom ballbingen og gymsalen).