Eit tilbakeblikk på bygdejulebordet

Fredag 9. november samla det seg om lag 70 personar på puben for å få med seg tidenes første bygdejulebord i Borgund. Tradisjonell julemat stod på menyen og Tore Leiren spelte opp til dans utover kvelden. Stemninga var god og fleire peika på at dette burde verta ein tradisjon – noko arrangøren var glad for å høyra.

Nytt av året var også utdelinga av «Årets eldsjel». Det er mange som gjer ein god jobb for bygda. Borgund utvikling ønskjer å dela ut denne prisen årleg til ein av desse ressurspersonane. Då det er mange som gjer ein fantastisk jobb i Borgund var det ikkje eit lett val. Men BU peikte i si grunngjeving mellom anna på at vinnaren alltid er positiv, lett å spørja om hjelp, held seg roleg sjølv på travle dagar og er kreativ. I si tid i BU stod Kjell Rune Humborstad alltid på og han har i tillegg vore eit sentralt bindeledd mellom innbyggarar og utbyggar i fiberprosjektet i Borgund.

BU ønskjer Kjell Rune til lukke med heideren. Han fekk med seg velfortjent prov på utmerkinga, blomar og gåve frå nærbutikken i Borgund. Nedanfor kan de sjå nokre bilete frå arrangementet.