Hald Grøne Lærdal Rein!

Det har lenge vært etterspurt etter ein ryddedugnad/vårdugnad i bygda vår. Etter initiativ fra ulike lag i Lærdal blir det arrangert ein kollektiv ryddedugnad i Lærdal kommune, torsdag 26. april mellom 18:00 – 21:00.

Ryddedugnaden blir delt i 3 soner: Øyri, Ljøsne og på Borgund.

Oppmøtepunkt:

  • Lærdalsøyri: Klubbhuset til Lærdal idrettslag/skyttarhuset
  • Ljøsne: Ljosheim ungdomshus
  • Borgund: Borgund samfunnshus

Det blir plasser container ved dei respektive oppmøtepunkta.

Mer info her: http://www.laerdal.kommune.no/getfile.php/4142465.1657.zskmnw7buuizlu/Hald+Grøne+Lærdal+Rein+-+kunngjering+heimesida.pdf 

Oppdatering:

Borgund Utvikling vil vera til stades på samfunnshuset frå kl. 18-21.00.  I samfunnshuset får ein utdelt avfallsposar og handskar før ein reiser ut i sin utdelte rode.  Ved samfunnshuset står det ein containar, som skal nyttast til innsamling av boset.  Dei som ikkje har moglegheit til å frakte boset til samfunnshuset etter ryddinga, kan sette dette langs vegen (knyt posane godt), så bli dei samla inn etter kl. 21.

I samfunnshuset er det servering av kaffe og vaflar til dei som har vore med på dugnaden, så stikk gjerne innom der etter de er ferdige. Her er og moglegheit til å vera med på konkurransen om å gjette kor mange kilo bos me klarar å samle inn i Lærdal i løpet av torsdagen – flotte premiar frå Handelsgruppa!

Husk! Ta med deg refleksvest!

Fordeling av roder vert slik:

Berge skule:  Sentrumsområdet og bustadfeltet

Hegg Skyttarlag: Gamle E16 frå Berge til Bjoråk + veg til Skårheim/Teigum (linjene er omtrentlege)

Borgund Ungdomslag:  FV 273 + kring Lo bustadfelt:

Borgund bygdekvinnelag:  Område kring Stavkyrkje/Besøkssenteret + vegen austover til E16