Oppdatering ang fiberprosjektet

Telenor si utbygging av sjølve fibernettet har teke lengre tid enn planlagt, og ligg no an til å bli ferdigstilt i løpet av første veka i desember. I desember vil Telenor starta installasjonane hjå kundane, og dette arbeidet vil halda fram i januar og truleg og litt ut i februar. Problem med innlasting av kundedata i Telenor sine IT-system gjer at Telenors Kundeservice pr. i dag ikkje har all informasjon til å svara eventuelle henvendingar, men Telenor forventar at dette er på plass snarast. //LNU